Eg undrar meg over dei unge. Eit sikkert teikn på at eg ikkje er det lenger. Verre blir det – alt på søndag.
Undringa er over noko så konkret som markjordbær. Ser ikkje ungane bæra lenger? Veit dei ikkje kva det er, eller korleis det smakar? Er det ingen som har tid til å vise dei det lenger?
Akkurat desse knipsa eg på Ytre Moa, men det lyser raudt-i-raudt langs gangstien vår for tida. Eg er like forundra kvar dag eg går forbi, for ingen plukkar dei – andre enn meg.
Då eg var lita, plukka bestefar markjordbær til bursdagsbløtkaka mi. Han hadde sine eigne stader, og var lettbeint som få. Smaken hugsar eg enno. Kanskje tek eg ein tur med bærkopp søndag – medan mannen søv ut etter nattskiftet.
Det står eit skilt ved jordbærstaden på Ytre Moa:
Det er vel greit å plukke bær der? Heiter det ikkje fornminne, forresten?
Bæra veks midt oppi tuftene. Eg trør varsamt.
Tenk å ha så fint turterreng rett utfor døra.
Rett nok må ein klatre litt for å kome dit.

1 kommentar:
Dette innlegg har jeg tatt med meg i hele sommer fordi jeg ser jo at det er jeg som fryder meg veldig over "jordbæråkeren" under tørkestativet. Ja, kanskje jeg er litt gammel, har vært dårlig på å gi jordbærgleden videre, og det skal jeg gjøre noe med!
Takk for dette innlegget!
Legg inn en kommentar