Masse halvferdige arbeid. Nokre av mangel på garn, andre av mangel på arbeidslyst.
Hugsar du Bento box blokkene mine?
Dei har vorte til ein topp, og fått på seg litt tekst i eine sida. Eg har “knipsa” dei saman med plasttaggar. Då kan eg handquilte – om eg får lyst – utan å få limkliss på nåla. Eg har perlegarn og lang nål klart her.
Arbeidslyst, kom til meg - - - (saman med litt betre pust)

4 kommentarer:
Sender eit snev nyvaken arbeidslyst til deg! Eg ryddar litt på syrommet - og leitar etter opphengskrokane til forhenget til den doble gatedøra vår - hus frå 1847 treng tekstilhjelp til å halde varmen inne!
Ynskjer deg ein vakker dag!
Forhenget er oppe - no aukar gjennomsnittsvarmen mellom dei to stovene betydeleg - sender endå meir arbeidslyst inn fjorden!
Nå sendes mange tanker og ønsker om bedre pust så arbeidslyst og arbeidsro finner seg til rette! God helg!
Dørklokka bjella medan eg kvilte middag! - og der sto DU med tre hovudplagg til meg!
Eg vart vakker i alle tre, ein i dobbel mjukgrøn fleece, ein himmelblå med blome og insekt på og ein i pusemjuk strikk!
Du er den nydelegaste dama eg veit om i dag!
GOD BYTUR!
Legg inn en kommentar