mandag 1. april 2013

Aprilvottar

aprilvott

 

Eg er ikkje så glad i omgang etter omgang med vrange maskar – berre for at det skal bli vrangt på retta.

 


Så når det går an, så juksar eg litt. Eg vrenger arbeidet, og strikkar rett på vranga dei seks omgangane, før eg vrenger til retta, og strikkar dei seks rette der.
Ja, det blir eit lite hol – men det gjer ikkje meg noko. Rillene vil jo legge seg litt “i kø” her likevel.

Mønsteret er Mini Mochi Springy Ring Mittens.

Eg valde å bruke garn eg alt har: DSA Tynn alpakka, og Regia 4-tråds sokkegarn i Kaffe Fassett-fargar.

Karbonpinnane er litt kortare enn eg er van med – men ellers veldig fine i bruk. Dei kjennest nesten litt varme.

Dette må bli supre vottar saman med Wurm-lua til Katharina Nopp. Den har eg hatt lyst til å strikke lenge.

 

 

Medan eg har skrive dette, så har eg lasta ned Herremagasinet, Ukeslutt, Hallo i uken, Språkteigen, Electric Sheep, Knit Picks’, Knitmoregirls’,  Jackie’s Quilting Chronicles og American Patchwork & Quilting sine podcastar til Ipod’en. Dette kan bli ein lang trimtur!

3 kommentarer:

Nina Lise@Mrs Moen sa...

Lekre garnfarger; hva er dealen med karbonpinner?

Miranne sa...

Karbonpinnane kjennest meir "levande" enn dei kalde, harde stålpinnane. Dei er ikkje fullt så glatte, men samtidig er dei glattare enn trepinnar, og veldig mykje sterkare enn desse. Iallefall dei eg har prøvd - og knekt. Trur det må opplevast :o)

Garnhekta sa...

Karbonpinner har jeg hørt om ei stund, men ennå ikke prøvd. Det blir nok ikke så lenge til.
Jeg gjør som deg. Strikker vrangpinnene fra vrangsida, men i "skøten" plukker jeg opp en tråd som jeg strikker sammen med neste maske, dermed ungår jeg hullet.
Jeg strikket i Nordlys, de ble tynne. I alpakka blir de nok finere.